onsdag 17. september 2008

Life's like a box of chocolate

I mitt liv har eg møtt mange vegetarianarar. Eg er sjølv ein av dei (på ein kvasi, sær måte). Disse har hatt alle slags nasjonalitetar, sjølv om det er nokså få av oss i Noreg.
Til min kjennskap var eg sjølv den første eg hadde møtt som sa nei til å ete sjokolade, av etiske årsaker. Ikkje rart at eg følar meg litt dum i mi sak av og til.
Kor vil eg hen? Jo, eg lurar på kvifor i alle dagar det er slik.

Det finst mange grunnar til å vere vegetarianar. Nokon synast det er uakseptabelt å drepe andre for å fø på seg sjølv, når ein klarar seg godt som planteetar. Ei gruppe meiner at det i vår verd er uetisk å ete dyr fordi storindustrien behandlar dei menneskeleg (jfr. Andreas' ordbok, del 1).
Andre igjen (som meg) meiner at matressurstapet som finn stad i oppal av dyr er uetisk når det er for lite mat på jorda, og at ein derfor ikkje burde ete kjøtt.
Grunnen til å ikkje ete sjokolade er først og fremst det at du er nesten garantert å få kakao som er produsert av barnearbeid og/eller slavearbeid under kompromitterande forhold (unntaket blir da den Fairtrade-merkte sjokoladen, som eg et). Gjeld ikkje da alle argumenta for å vere vegetarianar også for ikkje å støtte slavesjokolade? (det finst sjølvsagt fleire argument, slik som villeiande marknadsføring, profitt på fedmeepidemi osv, men disse gjeld for så mange industriar at det vil vere nærast urettferdig å peike ut sjokoladegigantane som syndebukk.)

Dei som synast det er uakseptabelt å drepe dyr eller ha dei under dårlege forhold bruker det argumentet at dyr er like mykje verdt som menneske. Om så, burde det vere utenkjeleg med sjokolade også. Med mindre fjerne afrikanarar er mindre verdt enn dei søte kyrne i Noreg sitt kulturlandskap. Men det er det vel få som meiner?
Kva med argumentet om at det er feil å bruke ressursar på å fø dyr, når ein heller kan gje maten til menneske. Da har man eit filantropisk syn på saken; menneske burde ikkje gjere ting som øydelegg for andre menneske. Da er vi tilbake på sjokoladeproduksjonen igjen, for det er nettopp det ein gjer ved å støtte Freia og Nidar. Ein bidrar til å øydelegge for andre menneske.

Som sagt, der er mange færre som er vegetarianarar enn dei som ikkje et sjokolade, men i mine auge burde det vore fleire. Det er ikkje alle som er einige i at dyr er like mykje verdt som menneske, men dei fleste meiner at menneske i sør er like mykje verdt som menneske i nord. Burde ikkje dei tenkje over sin stønad til slaveriet? Det er også dei som meiner at kjøtt ikkje er ressurssløsing, at det tvert i mot er heilt nødvendig, og at andre tiltak burde gjeres for å mette verda. Men de fleste av disse er ikkje for uretten i verda, om det så er matmessig eller arbeidsforholdmessig. Burde ikkje disse meine at også vest-afrikanarar burde ha rett på ei akseptabel lønn for arbeidet sitt (som forresten er mykje hardare enn noko dags arbeid du nokon gang har gjort)? Generelt burde saken om sjokolade vere mykje klarare og lettare å relatere seg til, men tvert i mot er saka godt ignorert.

Det er nok av denne grunnen at det er meir populært å ikkje spise kjøtt. Problemstillinga med sjokolade er ukjent for folk flest. Det er kjøtt-problemet også (i kvart fall i Noreg), men det er ikkje like ukjent. Det er nok også lettare å slutte seg til vegetarianar-saka, for der finst det mange nettverk med liketenkjande; det finn du vanskelig om du er mot sjokolade, anna enn på samtalegrupper for overvektige. For dei få som har lese Den lille stygge sjokoladeboka av Simen Sætre, eller på anna måte har fått nyss om Nidar sine svin på skogen, er det vanskelig å gå inn for ein sjokolade-boikott. Det er ingen kjente personlegdommar som viser vei, få eller ingen kjente til å støtte deg. I det heile og det store er det få som i det heile tatt forstår at slike tiltak kan vere aktuelle.

Men når denne informasjonen først når fram, kvifor er det så få som bryr seg? Det finst eit einaste argument for å ete sjokolade: det er godt. Å ete kjøtt har mange fleire, og betre argument: det er godt, det er ein viktig kjelde til protein, B12 og jern, og medan sjokolade er godt inkorporert i våre søtsaktradisjonar, er kjøtt inkorporert noko mykje viktigare: våre tradisjonar for sunn mat.

Jeg skal avslutte med et aldri så lite bibelsitat, som i grunnen alle som støtter likeverd burde stå ved:

Rom 14,15a:
Hvis du sårer din bror med det du spiser, går du ikke fram med kjærlighet.

1 kommentar:

Helene sa...

Du e så smart at e får ondt i me!