søndag 18. mai 2008

Fremmendgjering

I dag følte eg meg fremmend for heile eksistensen. Ikkje at det var noko særleg dramatisk i det, det var berre rart. Eg hang meg opp i noko så kvardagsleg som eit tallsystem. Då selvfølgeleg det tallsystemet vi brukar heile tida, titallssystemet.

Det verkar så logisk på oss å bruke titallssystemet. Det finns nærast ingen anna måte å rekne på. Alt kva vi tenkjer skal vere i dette systemet, og alle system blir ulogiske. Men eigentleg er det berre éin grunn til at titallssystemet er meir logisk enn t.d. åttetallssystemet, og det er antall fingre vi har til saman.

Når eg rekner med femtallssystemet (som vi liksågreit kunne ha hatt, sidan vi har fem fingre på kvar hand), tenkjer eg at det er upraktisk å ikkje bruke fem av sifra våre (5-9). Men eigentleg er det jo teit å ha begrensa seg til ti siffer kan ein liksågodt seie. Kvifor har vi ikkje tolv tiffer, der dei to siste kunne ha sett korleis som helst ut. Det er tross alt ikkje nokon logisk grunn til at talla ser ut som dei gjer. Det berre følast logisk fordi vi har vakse opp med dei.

Det er kjempeirriterande å tenkje på dette. Når eg tenkjer at vi kunne rekna i fjortentallssystemet, byrjar eg med ein gong å tenkje på kor upraktisk det ville vore, fordi det passar så dårleg med titallssystemet. Titallssystemet er rett og slett ein del av meg, ein rein innstudert del av meg, som er umogleg å få bort eller dempe.

Tanken på dette gjer at eg tenkjer på to ting: 1) Vi har ein utrolig konstruert verden. Berre tanken på kor konstruert alt vi tenkjer, gjer, ser, osv er, gjer meg forfjamsa. Der er så uhorveleg vanskeleg å forstå. Ikkje det at eg trur det kunne vore på ein annan måte, men det er berre rart. Det er særleg rart at vi tar ting for så gitt. Det er så selvfølgeleg å bruke ti siffer som ein setter i rekke etter kvarandre frå venstre mot høgre for å definere kvanta av alle slags handgripelege og svevande ting.

2) Eg forstår så alt for godt at det er mogleg å bli hjernevaska. Alle slike formar for system kan bli sett på som ein form for hjernevasking. Og strengt tatt, så definerer vi hjernevasking som indoktrinering til å tro det motsatte av det vi har blitt overbevist om at er rett. Det kan jo seiast at vi har blitt hjernevaska til å meine at menneskerettsfråsegna (mennskerettighetene) er rette. Frå vi var små har vi alltid høyrt kor bra dei er, så på sett og vis er vi indoktrinert der, men nokså subtilt, i forhold til oppdraginga i t.d. det tredje rike, og ein kan jo stille spørsmålsteikn på kor bra den subtiliteten er. Men uansett: Når da nokon andre har fått noko anna i morsmelka si, t.d. vi er meir verdt enn de, så definerer vi det med ein gong som hjernevasking. Men det er berre eit system, akkurat som vårt tallsystem, som er nærast ein del av oss.



PS. Eg støttar ikkje hjernevasking, og eg talar ikkje i mot menneskerettsfråsegna, men tankesprella mine tar meg berre til dei mest underlege plassar.

Ingen kommentarer: