fredag 23. mai 2008

Fairtrade

Eg har nevnt Fairtrade før. og kanskje alle mine lesarar (kor mange de er, veit eg ikkje), veit kva Fairtrade er, men eg skal i korte trekk forklare det. Alle som føler seg trygg på kva Fairtrade innebærer, og som bor i Bodø kan hoppe til slutten av innlegget. Dei som ikkje bor i Bodø og har kunnskap om Fairtrade, kan smøre seg med tålmod til neste innlegg (eller sjå på eldre innlegg, og kommentere dei).

Kort og godt består Fairtrade av to ord, "Fair" og "trade". Dei omsetjast til "rettferdig" og "handel". Det er nemleg rettferdig handel som er heile greia. Fairtrade-merket er din garanti for at bonden som produserte råvarane i produktet fikk ein anstendig pris for arbeitet sitt. Ikkje nok med det, men produsentane har også krav på gode arbeidsforhold og verneutstyr om det trengst. I tillegg får kooperativane som produsentane er tilslutta ein "premium", ein bonus i tillegg til lønna, som kan brukast til t.d. skole eller helsepleie til lokalsamfunnet eller betre arbeitsverktøy til kooperativet. Fairtrade stiller også krav til bærekraftig landbruk, slik at ikkje jorda blir utarma eller lokale vannkildar blir forurensa av sprøytemidler.

Det er meir å seie, men eg sa kort og godt, så om du lurar på noko er det berre å spørje (du kan t.d. bruke kommentarfeltet nederst i innlegget).

Fairtrade i Bodø

No har det seg slik at eg er med i styringsgruppa for Bodø kommune som Fairtrade-kommune, og i den samanhengen har eg laga ei produktliste for Fairtradevarar i Bodø kommune. Om du skulle vere interessert i slik, finn du den her: Produkoversikt Bodø

1 kommentar:

Mari Clementine sa...

Det må æ si. Bra jobba!

Men når æ så igjennom den lista slo det meg at noen butikka bare hadde 1 fairtradevare. Som e forskjellig fra Alta, her nesten alle butikkan har over 3-4 produkta. Så det e veldig bra her i Alta.

Tenkte bare æ sku si i fra :p At det skjer bra ting med Alta også :p

Men nu som du e i styret, så tror æ nok det blir mer, eller hür?