No skriv eg på nynorsk. Eg har ein god grunn, eg har nemleg eksamen i neste veke, så eg treng all øvinga eg kan få. Når det er sagt kan innlegget begynne.
I forrige post skreiv eg om turen eg hadde til Sogn og Fjordande. Ein slik post synast eg rett og slett er keisam å skrive, og eg føler at den ikkje gjer lesaren noko. Eg veit ikkje kor rett det er, men eg treng i kvart fall ikkje skrive så mange slike innlegg fordi eg ikkje gjer så mykje spektakulært. Grunnen til at eg faktisk tok meg bryet til å skrive det er at eg hadde noko sakleg å reflektere over i forhold til det eg gjorde. Her kjem det.
Når eg var ute og haika hadde eg, for å si det mildt, mykje tid til å tenkje. Kor mykje av den tida eg benytta til det er ein annan sak, men eg fikk no tenkt litt, og haikinga satte livet i eit litt nytt perspektiv. Det handlar mykje om å akseptere sitt lodd i livet.
Der står eg med tommlen ut, uviss om nokon i det heile tatt stoppar. Plassen er grei, ei god og fin busslomme på ein lang, strak veg. Lang nok til at dei som kjem kan se meg. Lang nok til at dei rekk å stoppe. Etter ei lita stund kjem det nokon. Dei stoppar.
- Eg skal ikkje langt, men eg kan no ta deg eit par mil.
- Tusen takk! Alle monner dreg, svarar eg.
Kva skal eg elles si? Nei du, snille mann/kvinne, det går eg ikkje med på. Det blir litt uhøfleg, men eg hadde av og til litt tvil. Kva om eg blei satt av slik eg blei utfor Rognan, da eg måtte gå i ein time før eg fann eit sted bilar kunne stoppe. Kva om eg da går glipp av han som skal tyve mil?
All tvil til side, eg sett meg inn. Vel framme går eg ut, og opp med tommelen igjen. Ikkje noko tull her i garden. Ein fin plass. Kanskje ikkje like oversekteleg som førre plass, men den dug. Det går eit kvarter, og så stoppar nokon.
-VIl du vere med, så heng deg på!
- Tusen takk! Det var veldig snillt av deg!
Litt uviss om kor det ber, sett eg meg inn. Det viser seg at dette var ein som skulle så langt eg kunne håpe på å få skyss herfra. Noko meir ville ha vore 1.-premien i livets tombola.
-Kor du kjem frå?
-Bodø. Og så skal eg heilt til Florø.
-Oi, du har kommet langt. Ikkje verst må eg seie. Eg brukte å haike da eg var liten. Eg trodde ikkje det var nokon som haika lenger.
-Joda, vi er eit fåtal. Men kor kjem du frå da?
-Eg bur rett ved der eg plukka deg opp. Krysset før.
Da gjekk det opp for meg for ei flaks eg hadde hatt. Dei som tok meg dei to mila, som ikkje er så veldig mykje når ein skal 130 mil på to dagar, hadde gjort meg ein enorm teneste. Enno eg hadde vore så skeptisk.
Slik er det ofte. Ein kan ikkje se verdien av kva som skjer, fordi ein ikkje har overblikket. Ein går og er negativ ovanfor ting som eigentleg ikkje er så veldig negative. I grunnen så må ein berre akseptere det ein får. Og så gjere det beste ut av det.
Om turen min til Russland 6.-9. desember skulle bli avlyst (noko eg ikkje håpar på i det heile tatt), så har eg to val. Å bese, eller akseptere at det er slik. Vel eg nr. 2 så kan eg nyte at eg har ei frihelg til bruk i Bodø, der eg ikkje har nokon spesielle planar, og kan slappe av litt og elles gjere hyggelege ting. Vel eg nr. 1 tener det ingen godt. Det gjer faktisk ingenting godt i heile verda.
Det er ein skilnad mellom det og å akseptere urett, og andre teite ting, t.d. dårlege forhold på skolen eller global skeivfordeling. Slike ting kan ein gjere noko med, og det er viktig å gjere det ein kan. Men nokon ting kan ein rett og slett ikkje gjere noko med. Da må ein berre ta haik med den bilen som kjem, om han tar deg ei mil eller hundre mil, og derfra håpe på det beste.
Sånn sett skal eg vere glad for da eg blei satt av utfor Rognan. Ho som satt meg der hadde tatt meg med frå Tverlandet. Kanskje hadde eg aldri kommet meg derfra om ikkje for ho. Kanskje hadde eg fått haik frå Fauske med ein trailer som skulle til Førde. Men han hadde krasja halvvegs med meg ombord fordi han prata med meg og konsentrerte seg ikkje om vegen. Kanskje. Eg veit ikkje, og kjem aldri til å få vite det. Derimot kan eg vere glad for at eg kom meg fram, trass ein time kor eg gjekk og sveitta.
Dette gjeld ikkje berre når ein er ute på tur. Det gjeld mesteparten av det som skjer i kvardagen.
Det kan sjå trist ut, det kan sjå meiningslaust eller berre undøvendig ut. Men takke seg til, det kan jo kome gode ting ut av dei tinga som ikkje er så gode i utgangspunktet. For å sitere John Butler:
Just like that plane you're late for leaving without you
And now it changes all your plans and puts you in a bad mood
And the plane ends up crashing but at the time man you would not have a clue
That being late would be so good and life is strange this is true
So sometimes life you know it ain't what it seems
Sometimes good presents come in bad wrapping
Strange as it may be
Sometimes bad presents come in good wrapping
Ein vel sjølv kva for eit lys ein ser ting i. Når nokon tilbyr deg haik, ta i mot. Den bilen som plukkar deg opp kan vere den einaste på lang tid. Den kan ta deg akkurat dit du vil, sjølv om du ikkje ser det med ein gong.
Eg vel å prøve å sjå ting i eit positivt lys, og håpe at det faktisk kjem noko positivt ut av ting. Det gjer nemleg særs ofte det.