torsdag 15. november 2007

Når eg fyrst var i gong...

med å skrive i bloggen min, kjenner eg at eg berre kan fortsetje.

Eg har mista gnisten min. Ikkje livsgnisten, men det å brenne skikkeleg for noko. For rettferd, for kva alle kan gjere i sin kvardag for at verden skal bli betre.

Den kjenslen er ikkje dau, men den er ikkje like sterk som før. Eg huskar da eg tenkte på å bli vegetarianar. Eg gledde meg til at folk skulle spørje kvifor eg var vegetarianar. Da skulle eg kome med alle dei (meget gode, faktisk,) argumenta for kvifor ein burde vere vegetarianar.

No hatar eg det. Eg kjenn at eg kasta bort pusten min, kasta bort orda. Dei fall i dau jord, og vil aldri spire. Slik tenkjer eg kvar gong. Det gjeld ikkje berre den saken, det gjeld dei fleste av mine prinsipp.

Eg blir nesten flau over at eg trur eg kan utrette noko. Korleis i alle dagar kan vesle meg gjere noko? Eg må jo vere skada når eg tenkjer det. Slik er det nok ikkje, det er eg viss på, men det kjennast slik ut. Når nokon begynner å dele nokon av mine tankar eller prinsipp, enten på grunn av meg eller andre, merkar eg at eg blir overraska. Det ligg masse gode årsakar til grunn, så det er jo berre logisk. men eg blir overraska.

Kvifor har eg blitt skadeskutt på denne måten. Ein skulle tru at det er på grunn av den "hjernedaue massen" (stor overdriving som eg ikkje støttar sjølv) av folk i eit kvart samfunn, som i stor grad ikkje tek stilling til sakar. Problemet er alle dei oppegåande menneska eg kjenner. Dei som er smarte og reflekterte. I stor grad hørte dei orda mine. Dei forsto, dei var enige. Men dei var ikkje villige til å akseptere kva eg sa, fordi det hadde betydning for liva deira. Det var for skummelt, det krevde noko. Gjerne kunne dei og sjølv til andre tidar gå rundt og kritisere andre for at dei ikkje gjer noko, eller fordi dei er så passive eller dumme. Alle seier til meg: Alle kan ikkje gjere alt. Eg trur det er ein livsløgn. I kvart fall i stor grad. Kvar og ein har moglegheit til å utrette meir enn vi trur, gjennom daglege handlingar. Ein blir berre ikkje trudd når ein sei det, fordi det er tradisjon og kultur her til lands at kvar enkelt ikkje kan utrette noko særleg.

Noko der stemte ikkje. Noko gjorde at eg mista håpet, mista trua på kva eg kan fortelje andre. Så altfor mykje har eg mista trua. No tenkjer eg annleis. Eg jobbar på større skala. Det er ikkje noko problem å prate til store mengder, masse folk, eller presse på i politiske innstansar. Da slepp eg å gå åleine fram som enkeltperson, mot ein annan enkeltperson. Da er eg sårbar, og eg ser kor lite det funkar. Kor lite folk bryr seg. Sett frå mitt ståsted vel å merke.

Dette gjekk opp for meg i dag. Eg veit ikkje kvifor. Eg veit ikkje om eg ønskjar gnisten tilbake. Har eg bruk for den? Nyttar den, eller er det berre bortkasta? Eg lar det vere retorisk.

Ingen kommentarer: