torsdag 12. juni 2008

Å bombe menneskeverdet

«Alle har rett til liv, fridom og personleg tryggleik» heiter det i Menneskerettsfråsegna i den 3. artikkel. Sjølv om disse fråsegna gjeld for alle land i FN, dvs. 192 land over heile verda, brytast dei kvar dag. Kvifor kan ein ikkje slå seg til ro med at menneskeverdet er totalt, og så jobbe ut i frå det?

Det er vanskeleg å forklare for eit lite barn korleis det er mogleg at menneska tek livet av kvarandre. Dei forstår rett og slett ikkje at nokon vil gjere noko som er så slemt og grufullt. Eg kan skrive under på at det gjeld for meg også. Vel er eg eldre enn eit barn, eg har større innsikt og forstår kva som driv menneska og i nokre tilfelle kvifor ein kan drepe ein annan. Men at land som Noreg tar til slike tiltak for å løyse problem, der det er tydeleg at det er ikkje-militære problem som ligg i botns i saka, det forstår ikkje eg.

Al-Qaida er ein terrororganisasjon som driv med direkte brot på Menneskerettsfråsegna, men vil det nokon gang vere ei endeleg løysing å nedkjempe eld med eld? At Noreg sender soldatar til Afghanistan for å halde orden og «skremme vekk» terroristsoldatar, viser at landet vårt ikkje har nokon kvalar med å myrde for «det større godet». Og kva slags hensikt har eigentleg dette? Særleg kritisk er det når ein seier at ein kjempar mot brot på Menneskerettsfråsegna, for ein går jo da, gjennom sin kamp, mot det ein kjempar for.

Ikkje forstår eg at ein kan påstå å forbetre situasjonen til eit folk, når ein jobbar mot vilja til det folket. At folk i Afghanistan støttar Al-Qaida, fortel oss at det faktisk ikkje berre er for å vere slem at gruppa driv på. I dei fleste kulturar har ein grupper som driv på med vondskapsfulle ting, men dei har som regel aldri brei støtte hos kvarmann. Det har derimot Al-Qaida. Dette tyder på at dei delvis kjempar saka til folket, enn kor vulgære metodar dei bruker. Og om folket er misnøgd med noko, kvifor ty til makt mot desse opprørarane, når ein heller kan innfri krava til folket, og dermed fjerne folket si støtte til terroristane.

Sjølvsagt veit eg at dette ikkje er berre berre, men det er i kvart fall ikkje berre berre å føre krig mot terroristar, som går på belastning av sivilbefolkninga. Ja, ikkje veit eg eingong korleis ein skal gå fram. Men heller ikkje veit eg korleis ein skal gå fram for å forbetre arbeidskåra til produsentar i den tredje verda, men eg meiner framleis at vi burde gjere det.

Enda meir merkeleg blir det når ein ser korleis media dekkjer desse militære operasjonane i utlandet. I Dagbladet og VG blir det ramaskrik når norske soldatar har vore i skotveksling der dei er utplassert, og da ein soldat blei drepen for ei stund tilbake, blei det nesten erklært landesorg. Forstå meg rett; og syns ikkje at det er særleg triveleg at ein norsk soldat blir drepen, men ikkje syns eg heller at det er særleg triveleg at andre blir drepen av norske soldatar. Det kan strengt tatt vere det same kven som drep, det går ut på eit: å krenkje menneskeverdet. For å sitere sjølvaste Stalin (sjølv om det stridast om dette sitatet faktisk kom frå han): «Om ein mann dør, er det ein tragedie. Om fleire millionar dør, er det statistikk». At ein nordmann dør er forferdeleg. At 200.000 menneske, deriblant ein del nordmenn, dør i ei flodbølgje er heilt uverkeleg og det verste som kan skje. At 50.000 menneske døyr kvar dag av mangel på mat er ein del av verdsordninga.

Menneskeverdet er til stades i alle menneske. Om dei så meiner at alle andre menneske burde utryddast, har dei framleis menneskeverdet sitt. Når vi blir selektive i forhold til kven vi «deler ut» menneskeverd til, da er vi blitt like god som terroristane. I dei fleste døma vil ikkje terroristar vedkjenne menneskeverdet i sine offer, men når vi gjer det same, har vi tapt. Vi har kome ned på deira nivå, og da er ikkje kampen verdig å kjempe lenger.

Med andre ord så må vi sjå på alternative måtar å få bukt med terrorisme på. Vi er kome til det punktet der vi har vett nok til å seie: «Dette er vi for god for». Tar ein ikkje menneskeverdet på alvor, kan ein aldri forvente det av andre, minst av alt dei ein kjempar mot. Det er denne bevisstheita som må kome til alle dei som trur at målet alltid helligar middelet.


Dette er ein skolestil eg skreiv for åtte månadar sidan, som eg fant då eg gjekk gjennom ei bunke gamle papir, og så va den ikke så verst, så eg tenkte eg kunne leggje den ut her.

1 kommentar:

Mari Clementine sa...

vedde på at du fikk 6 på den der ;)

veldig bra, Andreas :)