Eeg er komet inn på Ten Sing Norway!!!!
Meget glad og nøgd kam ein trygt seie at eg er.
Men i dag kom eit brev i posten som sa noko anna: Staten Noreg vil ha meg. Sjølv om eg fylte ut ein søknad om å få sivilteneste vil dei ha meg. Til drap. Eller assistanse til drap. Eller mord. Eller militære operasjoner i utlandet. Eller krig. Kall det kva ein vil, eg ser at det er ein spade uansett. Eg vil ikkje vere med.
Da eg var på sesjon måtte eg setje opp ei prioritering til kor eg ville om eg av ein eller annen grunn skulle inn i militæret (offiseren kalte det "for ordens skuld, fordi det er datamaskiner som skal lese svararka"), og der satt eg opp saniteten i Kystvakta. For å komme meg så langt unna vold og slike deilige greier som eg kunne komme meg innanfor militæret sine ramma. Allikevel blei eg kalla inn til Luftforsvaret.
Men krise er det ikkje, eg skal klage og det KJEM til å gå bra. Eg blir berre litt irritert.
(til gjengjeld er eg veldig glad for tida, men set skal eg skrive om ved eit anna høve)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Gratulere med TSN!
Så flott! :D
Skjønne at du blir irritert..
Legg inn en kommentar