Filantropi = menneskekjærlighet/nestekjærleik
Med dette introduserar eg ein ny serie i bloggen min: filantrop-serien. Den går ut på at eg ein gong i blant, når eg får ein fiks idé, skal presentere enkle måtar å vere ein god filantrop på, som k\forhåpentligvis kan inspirere.
Først ut er å utnytte Statens vampyrteneste, også kjent som Blodbanken. Blodbank har dei ved dei fleste sjukehus i landet, og her kan ein gå for gratis konsultasjon, om det skule vere noko ein lurar på i forhold til blodgjeving. Blodgjeving er ikkje så skummelt som skulle tru. Første gong ein er der tar dei berre litt blod for å teste at du ikkje har noko farlig i blodet ditt, og deretter tapper de en del meir dei neste gongane du er der.
Men det er mange fordelar: Først har ein den opplagte, filantropiske grunnen: nokon kan komme i ei ulykke, og trenge akkurat ditt blod. Det er jo grunnen til at ein gjev blod, og det er særs viktig i vår medisinske verd. Men det er ikkje berre ueigennyttige grunnar for å gi blod: Når ein gjev blod testast blodet ditt veldig grundig, så det er ein utmerket måte å få sjekka blodet sitt. Om det er så er blodkreft eller jernmangel, så dukkar det opp på testane deira. I tillegg blir du godt oppvarta. Dei pass på at du har det behageleg der du sitt og blir tappa for blod, og dei har saft og kjeks tilgjengeleg for å få blodsukkeret ditt opp i en fart etter tapping. Ein for også jerntablettar for å veie opp for jerntapet rin har når ein tappast. Sist, men ikke minst, så får alle blodgjevarar ein gave kvar gong ein har gitt blod, det kan vere f.eks. håndklede, vinglass, verktøysett, eller min favoritt: Mummi-krus.
For de som er intereserte, er det berre å ta kontakt med sitt næraste sjukehus!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar